Oppsummering Hardanger Trebåtfestival!

I år ble det publikumsrekord på trebåtfestivalen i Norheimsund. En strålende festivalhelg på alle måter. Her var både lokale og større stjerner som underholdt fra den flytende scenen midt i festivalområdet.

Det vrimla av folk i sentrum, langs den nye strandvegen ut til Hardanger Fartøyvernsenter. Aktivitetar for born og vaksne som sjørøvarshow med Grusomme Gruella, teikneverkstad, leikebåtverkstad, tur med veteran-brannbil og Elias-båten, faglege foredrag, biletspel og mykje meir, forteller festivalledelsen i en oppsummering fra årets messe.

Heile laurdag var juryen; Thomas Anmarkrud, John Walsted og Jens Gunnar Fylkesnes,  i aktivitet på området. Me vil også gjerne presentera årets prisvinnarar:

1. BESTE NYBYGG: “PERLEN”
Eigar Karsten Mæhl. Bermudarigga slupp.8,7 meter. Design L.F. Herreshoff i 1942. Bygd heime I hagen. Påbegynt 2005 og sjøsett 2014. Imponerande detaljarbeid og reine fine linjer.

2. PRIS FOR EINSTÅANDE HISTORIE OG ORIGINAL UTSJÅNAd:
“RS 28 SANDEFJORD”
Eigarar Lena og Ingvald Stølås. Collin Archer redningsskøyte på 47 fot. Bygd 1913 hjå Jens Olsen Risør. Mykje historikk. Atlanterhavet, film – jorda rundt med Sør- Afrikanske eigarar.

3. LENGST UTSEGLA DISTANSE:: “SJØLEIK”
Eigar Karl Pudlik. 15 meter. Listerskøyte. Bygd på Farsund Slipp & Mek. Verksted Brødr. Tjørve i 1938 for snurrevadfiske og reketrål. Segla frå Tananger til Skottland under krigen med 19 menneske om bord. Verna av riksantikvaren i 2008.

4. MEST ORIGINALE KLASSISKE MOTORBÅT: “MISS CHRIS CRAFT”
Eigar Tore Eritzland. Bygd i Nevada 1950. Kravellbygd i mahogni med diagonal mahogni plank innerside. 134 hk Hercules motor marinisert av Chris Craft. Eigaren har lagt ned ein stor innsats i restaurering og full tilbakeføring til original stand. 70 lag lakk og mykje, mykje sliping, rubbing og polering.

5. BESTE SVENSKE:: “CHARMEN”
Eigar Øystein Kaldestad fra Norheimsund. 7,25 meter. Storebro Solo Ruff, bygget 1964. Volvo Penta B 20. Den originale motoren er bytt ut, men erstatta av ein identisk.

6. PRIS FOR UTHOLDENDE INNSATS OG INOVATIVE LØSNINGER: “EINAR”
Eigar Øyvind Rundhovde. 29 fot. Bygd i 1943 med ein 7hk Union. Heimehamn Toska. Ellers lite historikk. Noværende eigar kjøpte båten i 1996 og brukte 10 år på gjenoppbygging / restaurering. Øyvind har bygd den opp fra vannlinja med solid handverk og egensagde materialer. Båten har mange små innovative «Petter Smart» løysningar som ikkje er synleg ved fyrste augnekast.

Heile helga var det høve for publikum å seia sitt. Og dette året gjekk publikumsprisen til Elyana og eigarar Sverke Håvik og Sølvi Løberg. Ein vakker 43' Furuholmen bygd i 1964. Båten har delteke sidan starten av Hardanger Trebåtfestival og Sølvi og Sverke er dei tredje eigarane som fører båten til Norheimsund.

Verdige vinnarar alle saman! Me gratulerer og ynkjer alle hjarteleg velkomne attende til Norheimsund og ny festivalhelg 12. – 14. juni 2015.